page view image

Oslo jazzensemble og Ola Kvernberg

Arrangementsinformasjon
event image

Han vert hylla av kritikarar og publikum for konsertar og utgjevingar. Saman med Oslo jazzensemble leverte han eit tingingsverk der konsertmeldarar ikkje har høyrt han betre. No kan du oppleve Oslo jazzensemble og Ola Kvernberg - det ypperste jazzlandet har å by på.

Virtuositet får ny meining gjennom Ola Kvernberg. Det er ikkje berre det tekniske, men i Ola Kvernberg sitt spel betyr virtuositet ei evne til å formidle musikk gjennom fela og ut i stadig nye lydlandskap som komponist. Han har blitt ein yndling blant filmskaparar for hans musikalske kjenslespekter, og gjennom et utall konsertar har musikken hans treft eit publikum langt utanfor den gjengse jazzlyttar.

Då han fekk i oppdrag av Oslo Jazzfestival å komponere eit verk for Oslo jazzensemble tok han med komposisjonspalletten for første gong til eit jazzorkesterformat - verket “Ballroom” vart urframført under opninga av fjorårets Oslojazz til ståande applaus. “Kan ikke huske å ha hørt Ola Kvernberg bedre”, skreiv kritikar Arild Andersen i Aftenposten etter konserten. Det seier sitt.

I tillegg har saksofonist og komponist Martin Myhre Olsen arrangert versjonar av favorittar frå Kvernberg-katalogen og utgjevingane “Liarbird” og “Mechanical Fair”. Begge utgjevingar som markerte ei ny fase i Ola Kvernbergs musikalske karriere der triospelet fekk symfoniske vingar og nærast definerte ein ny Kvernbergsk sound prega av romantiske melodiar i fargerik instrumentering.

Oslo jazzensemble består av landets ypperste musikarar på sine instrument. Musikarar som til saman nettopp har ei enorm breidde i uttrykk og musikalske personlegdom – og dette utnyttar Kvernberg til det fulle. Når Ola Kvernberg med Steamdome i bagasjen får uttrykk gjennom Oslo jazzensemble som kjem rett frå konsertar med Maria Schneider, så blir det nok ein eksplosjon!

Medverkande:
Ola Kvernberg, solist og komponist
Even Kruse Skatrud, musikalsk leiar
Frank Brodahl, trompet
Marius Haltli, trompet
Anders Eriksson, trompet, flygelhorn
Martin Myhre Olsen, sopransaks, altsaks
Børge-Are Halvorsen, fløyter, altsaks
Atle Nymo, tenorsaks, bassklarinett
Tina Lægreid Olsen, barytonsaks, bassklarinett
Even Kruse Skatrud, trombone og sousafon
Nilas Granseth, trombone
Martha Eikemo Andersen, basstrombone
Anders Aarum, piano, keyboard
Jens Thoresen, gitar
Trygve Waldemar Fiske, bass
Erik Nylander, trommer
Thor-Ivar Lund, lyd F.O.H

Oslo jazzensemble drives av Østnorsk jazzsenter med tilskot frå Norsk kulturråd.


Billettpris medlem kr 250,-
Billettpris ikke-medlem kr 300,-

Ungdom mellom 15 og 25 år gratis, forutsatt ledig plass


hemnesjazz
jernvaren
hemnesberget

Restriksjoner

Aldersgrense 15 år.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.